Opningssermoni - resultater
Fjellsportfestivalen er i gong!
Det var godt oppmøte og god stemning på Dampskipskaien i kveld når opningssermonien kicka i gong Fjellsportfestivalen. Vi var vitne til halsbrekkande dødsing og vakre magaplask i fjorden.
Dommarane hadde ei vanskeleg oppgåve å kåra beste dødsar, men kom fram til dette resultatet:
Topp tre i dødsekonkurransen:
1. Aksel Bjørkhaug
2. Nikolai Bøthun Olsen
3. Trym Høyvik
Me gratulerar vinnarane!