Fokus på klima
Fjellsportfestivalen har fokus på klimaet, og jobbar for å vera eit miljøvenleg arrangement. I den samanhengen tilbyr vi blant anna:
Bruktmarknad - der ein kan kjøpa og selja brukte klede og utstyr. Les meir her.
Systova - Har du fått ei rift i yndlingsjakka di? Kanskje du manglar ein knapp eller to? Eller kanskje du har gjort tidenes kupp på bruktmarknaden, men ser at det er eit digert hol på baksida av plagget? Stikk innom Systova for litt saumleg assistanse! Les meir her.
Klimakafe/ Bærekraftbar
I tillegg har me fleire spanande føredrag der klima og klimatiltak i samband med friluftsliv er tema:
POW-føredrag med Marthe Kristoffersen. Les meir her
Toptotop med Dario Schwoerer. Les meir her.
Føredrag til skinerden. Les meir her.
Vi oppfordrar alle festivaldeltakarar til å velja så miljøvennlege transportmetodar som mogleg ved reise til og frå festivalen. Det går buss til Sogndal frå alle kantar av landet, og vi organiserer skyttelbussar til og frå dei ulike turane og aktivitetane under sjølve festivalen. Det er med andre ord gode grunnar til å la bilen stå igjen heime! Vi oppfordrar òg alle som tek privatbilar til og frå Hodlekve om å samkøyra. Det finst òg ei Facebookside der ein kan planlegga samkøyring til og frå Sogndal frå mange plassar i Noreg - Samkøyring Fjellsportfestivalen 2020