Mat og drikke
på festival
Det er fleire moglegheiter for å nyta digg mat og drikka på Fjellsportfestivalen – både hjå vår samarbeidspartner Quality Hotel Sogndal og i Rindabotn.
Mat på hotellet
Vågal Burger og Gin:
Vågal Burger and Gin er spesialistar på gourmet hamburger av storfe frå Norge. Barbecue, chipotle, bacon, pulled pork, cheddar, chorizo og mykje meir!
ÅPNINGSTIDER
Mandag–laurdag: 15:00–23:00, à la carte til 22:00
Søndag: 14:00–22:00, à la carte til 21:00
La Pergola:
La Pergola er spesialistar på italienske rettar av både kjøt, fisk, kylling, pasta og pizza.
ÅPNINGSTIDER
Mandag–lardag: 16:00–23:00
à la carte til 22:00, pizza til 22:30
Drikke på hotellet
All drikke på hotellet, utanom i Eppel bar, må kjøpast med bong.
Du kan kjøpa bongar i resepsjonen og på Soho.
Bongane vert solgt i blokk på tre stk. til kr. 315,-
Mat i Rindabotn
Ellevilt:
Ellevilt er i Rindabotn med foodtruck, og kan freista med elleville pølser, pulled pork og burger.
ÅPNINGSTIDER
Ellevilt er i Rindabotn frå 10:00–16:00.
Kafeen i Dalalåven:
Kjøp deg ein kaffi, brus eller pølse, og ta ein pust i bakken.
ÅPNINGSTIDER
10:00–16:00.