Bli med som

frivillig

Å vera frivillig er først og fremst ein knall måte å skapa nye kjennskap på.

Som frivillig jobbar du tre vakter på dagtid eller kveldstid under festivalen. Det betyr at du har god til å vera festivaldeltakar når du ikkje jobbar!

NB! Aldersgrense for å vera frivillig på kveldsarrangement er 18 år.

Påmeldingsfrist: 3. februar 2025

Her er nokre av

fordelane

  • Tøff t-skjorte – vis at du er ein del av laget.

  • Frivilligmat på vakt – både kalde og varme måltid.

  • Transport – til og frå Rindabotn (Sogndal skisenter) gjennom heile festivalen.

  • Attest for frivillig arbeid – ser flott ut på CV-en.

  • Garantert større nettverk – møt nye folk og knytt kontaktar.

  • Frivilligmiddag – ein sosial og digg avslutning.


Generell info

Som frivillig er det viktig å vera merksam på både deltakarane, men også dine kollegaer. Du må vera interessert i å treffa nye folk, og å legga inn ein god innsats for å samarbeida med andre.

Det frivillige arbeidet under festivalen går føre seg utandørs i Hodlekve Skisenter dagtid, og innandørs på Quality Hotel Sogndal kveldstid. Ikkje ver redd for å melda deg som frivillig åleine, du vil bli kjent med mange nye kjekke folk.

Har du ein funksjonedsettelse brukar du det same søknasdsskjemaet. Me er ein stor festival med mykje variert arbeid. Har du spesielle ønskjer, spørsmål eller behov så fiksar me det.

Me vil at så mange som mogleg skal bli med!

Me sjåast!

Ulike frivilligoppgåver:

  • Her er jobben å gjera klart for god stemning!Afterskien er eitt av høgdepunkta under Fjellsportfestivalen – vil du vera med på å planlegga den beste afterskien?

    Det er svært viktig å ha oversikt og kontroll både før, under og etterpå.

    God dialog med bar og akter undervegs og etter afterskien handlar det å ha kontroll på transport og sikkerheit for gjestene som skal ned att til Sogndal sentrum.

    Me ser etter deg som:

    • Likar å planlegga.

    • Er positiv og har god energi.

    • Kan handtera uventa situasjonar og løysa dei på best mogleg måte.

  • Sekretariatet er festivalen sin «resepsjon» og held til på Quality Hotel Sogndal. Hit kjem deltakarar og samarbeidspartnarar for å få inngang til festivalen, kjøpa turar og for å få informasjon om alt frå program til bussruter. Sekretariatet informerar om vêrvarsel, rutetider, opningstider og mykje anna. Det er me som er hovudkontakten ut mot gjestane og me prøver alltid å hjelpa so godt me kan! I løpet av ei vakt kan det vere både rolege og hektiske stundar.

    Sekretariatet har ope på dag- og kveldstid gjennom heile festivalen. Du kan òg få nokre oppgåver i forkant av festivalen i samband med opprigg og frivilligregistrering.

    Me ser etter deg som:

    • Er glad i å yta kundeservice, er merksam og får situasjonar til å gå smidig føre seg.

    • Taklar stress og lange køar, og du tør å seie nei når noko ikkje er rett.

    • Er kjend i Sogndal og med festivalen, eller har erfaring frå sekretariatet frå tidlegare. Då vil me gjerne ha deg med igjen i år! Det er sjølvsagt også rom for deg som er ny i festivalen og motivert for å gjere deg godt kjent med han.

  • Denne gruppa tek imot festivaldeltakarane i Rindabotn og hjelpar bussjåførane med ulike oppgåver, slik at jobben til sjåførane vert lettare.

    Til dømes kan det vera å hjelpa å lassa bagasje og ski inn/ut av buss.

    Me ser etter deg som:

    • Har ei positiv og serviceinnstilt haldning.

    • Trivast med å vera ute.

  • Festivalen har programpostar som krev teknisk kompetanse.

    Me leiger inn profesjonelle teknikarar, men treng også frivillige som kan vera ein ressurs for dei.

    Det kan også oppstå behov for å hjelpa andre frivillige med tekniske utfordringar som lyd, bilete, framføringar og rigging.

    Me ser etter deg som:

    • Har teknisk forståing av lyd, lys og bilete.

    • Tek ansvar for å løyse tekniske problem som kan oppstå ved til dømes frivilligregistrering.

  • Som del av Opp- og nedrigg får du vera med på oppbygginga av festivalen frå start til slutt. Det inneber blant anna å setja opp stand på hotellet og i Rindabotn, scener, telt, opp- og nedrigg av sponsormateriale under festivalen i Rindabotn og på hotellet.

    Variert arbeidstid under festivalen (morgon/ettermiddag). Den store jobben blir nedrigg søndag, noko som betyr at det er mykje tid til å vera festivaldeltakar som denne typen frivillig! Det er kjekt og sosialt å vera med i Opp- og nedrigg.

    Me ser etter deg som:

    • Er kjend med litt ulike verktøy og tek tak der det trengst.

    • Har bil-sertifikat. Det er eit stort pluss dersom du også har BE (bil med hengar).

  • For at me skal kunne visa fram kva som skjer undervegs i festivalen, er det viktig for oss å ha noko å sjå tilbake på.

    Som frivillig innan marknadsføring og kommunikasjon, treng me deg som likar å ta bilete, filma og som kan klippa dette saman til eit ferdig produkt.

    Du vil vera vår levande linse og oppgåvene vil vera varierte, sidan du vil jobba med alt frå utandørsarrangement til fjellportkveld, der me samanfattar dagens stemning.

    Me ser etter deg som:

    • Likar varierte dagar, ute som inne.

    • Kan ta bilete og film, og setja dette saman til eit ferdig produkt.

  • Som frivillig i Rindabotn får du halda på med varierte oppgåver. Alt frå rigging av arenaen til afterski, til vakt på afterski, eller som løypevakt under arrangement.

    Om du likar å vera ute og er glad i folk vil du trivast godt saman med resten av gjengen i Rindabotn.

    Me ser etter deg som:

    • Er av typen som er klar til å hjelpa der du ser det trengst, då det fort kan oppstå uventa situasjonar.

    • Du må trivast med å vera ute, og det er positivt om du kan å handtere ein drill/hammar.

    • Det er også ein fordel om du har førarkort for bil (B) slik at du kan ta køyreoppdrag.

  • Gledespatruljen si oppgåve er å vera dei frivillige sine frivillige! Dei skal sørga for at alle frivillige på Fjellsportfestivalen har det bra, får seg ein kopp kaffi, ei banan og held stemninga oppe.

    Som del av Gledespatruljen må du også bu deg på at du kan bli sett til andre oppgåver, dersom det «brenner på dass».

    Me ser etter deg som:

    • Er glad i folk, smiler meir enn gjennomsnittet og trivast med å gjera andre betre.

  • Glad i små folk? Då er dette frivilligjobben for deg!

    Som frivillig i Barnas Fjellsportfestival, tek du i mot dei små festivaldeltakarane.

    For at festivalen skal vera for store som små, har me eige opplegg til dei minste i skitrekket.

    Oppgåvene går ut på å vera eit team som aktiviserer dei små med ulike leik og konkurransar. Det er ikkje så farleg at alle reglar blir følgde, alle er vinnarar på Barnas Fjellsporetfestival.

    Me ser etter deg som:

    • Er open og glad i å laga god stemning.

    • Likar å leika! Me kan garantera mykje fart og moro saman med dei små.

  • Me har to store arenaer som skal dekorerast, og me treng din hjelp!

    Det er sponsormiddag på hotellet, det er mindre arrangement gjennom festivalen, afterski og eit flott uteområde på hotellet.

    Me ser etter deg som:

    • Er glad i å dekorera og stelle i stand ein flott fest for andre.

  • Som «Fjellpota» vil du få moglegheit til å delta på mange aktivitetar. Dette er ei stilling som krever at du er allsidig og likar å setta deg inn i nye arbeidsoppgåver.

    «Fjellpota» vil få vera med på mykje ulike aktivitetar – noko som gjer det til ein spennande og givande post med varierte arbeidsoppgåver.

    Me ser etter deg som:

    • Kan setta deg inn i ulike situasjonar, med eit stort smil om munnen.

    • Likar uforutsigbarheit.