Fjellsportfestivalen
historia vår
Me har alltid vore drive av folk som ønskjer å skapa lokal entusiasme og utvikling.
Fjellsportfestivalen vart starta i 2008 og var eigd av Bratt Moro fram til våren 2017.
Selskapet byrja med å arrangera Fjellsportfestivalen, og sidan då har det blitt fleire festivalar, nasjonale og internasjonale konferansar, konkurransar, seminar, bygging av parkeringsplassar/teknologi og prosjekt for utvikling av lokalsamfunn.
Frå første dag har me jobba i nettverk med store og små reiselivsaktørar, frivillige organisasjonar, Sogndal Fotball, små gründerverksemder, kommune, fylkeskommune og stat. Me har gjennomført prosjekt innanfor Bulystprogrammet, reiselivsutvikling, medieutvikling og lokalsamfunnsutvikling.
Fjellsportfestivalen er no ein del av Sogndal Fjellsport AS, eit selskap med mål om å vidareføra arbeidet med å marknadsføra Sogndal som eit sentrum for friluftsliv og vintersport. Samstundes vil me skapa bulyst i regionen gjennom ulike arrangement, festivalar og tett samarbeid med det lokale næringslivet.
Med engasjement, ekte glede og ein leiken tilnærming, får me det til!