Frivillig-informasjon

Her finner du informasjon om:

  • Frivilligregistrering

  • Vakter

  • På vakt

  • Transport

  • Mat og drikke

  • Tryggleik

  • Vanlege spørsmål

Frivilligregistrering

Du må registrera deg som frivillig

Dette gjer du her:

  1. På Frivilligkvelden (Quality Hotel) måndag 17.02 kl. 17

  2. I sekretariatet (BERRE på hotellet) i opningstidene

Hugs legitimasjon!

Hugs også å registrera deg når du kjem på vakt!

Dette gjer du her:

  • Sekretariatet Quality Hotel - i Fjellsportlobbyen

  • Sekretariatet Sogndal Skisenter, Rindabotn - i Dalalåven

Vakter

  • Vaktene dine får du tilsendt på mail i forkant av festivalen. Desse kan bli endra grunna fråfall, følg med!

  • Du vil motta ei påminnings SMS frå oss før vakt.

  • Lengdene på vaktene vil variera.

Passar ikkje vakta du har fått?

Då er du sjølv ansvarleg for å byta ho med nokon andre. Bytter du vakt må du melda frå til ansvarsperson.

Er du blitt sjuk?

Gi beskjed til din ansvarsperson i god tid om du har gyldig fråver.

På vakt

  1. Møt opp til avtalt tid i sekretariatet.

  2. Registrer ditt oppmøte!

  3. Vent i seketariatet til du blir henta av din ansvarsperson.

Det er ikkje tillatt å vera påverka av alkohol eller andre rusmidlar medan du er på vakt! 

Pakkeliste

  • Frivillig t-skjorte

  • Frivilligband

  • Godt humør :) Hugs at du er Fjellsportfestivalen sitt ansikt utad.

  • Vakt utandørs? Ha på varme klede og ekstra skift.

  • Vakt i Sogndal Skisenter? Ta med skiutstyr, viss du har.

Mat og drikke

På hotellet og i skisenteret er det moglegheit for å laga seg lunsj eller ta seg ein sjokolade-pause.

Quality hotel

Frivilligrommet:

  • I eit hotellrom 107 bak Fjellobbyen (sekretariatet).

  • Onsdag–laurdag, frå kl. 08.00.

Skal berre brukast medan du har vakt!

Sogndal Skisenter

Kjøleskap merka med Frivilligmat:

  • I garasjen i Dalalåven - til høgre for vindauga i varmestova

  • Onsdag–laurdag, frå kl. 09.00-16:00.

Varm middag

Dei som jobbar kveldsvakter på hotellet kan få eit varmt måltid.

  • Quality Hotel, Eppel restaurant (forbi Eppel Bar)

  • Torsdag–laurdag, frå kl.17:00–18:30.

Transport

Bussar går til og frå

Sogndal Skysstasjon - Sogndal Skisenter

Me oppmodar om å bruke kollektivtransport!

Om du vel å køyra eigen bil, så ta gjerne med andre frivillige eller deltakarar :)

Festivalen dekkjer ikkje køyregodtgjersle og parkering.

Vakt i Sogndal Skisenter om morgonen?

Du får beskjed frå dine ansvarlege så snart som mogleg om du skal ta bussen kl. 09:00 eller bli køyrde opp av ansvarlege med våre leigebilar.

Tryggleik på festival

Alle frivillige pliktar å kjenne til varslingsplanen.

Ved ei hending - Ring ALLTID naudetatane først!

  • Tlf nr finn du på frivilligebandet

    Me tilrår å laste ned 113 appen →

  • Lokale hjelpemannskap i skitrekket: +47 458 19 519

Du som frivillig skal bistå på skadestedet ved behov.

Hugs! Ingen frivillige skal uttale seg til pressa

Du skal bli informert om, og kjenna til tryggleiksvurderingar og -tiltak på arrangementet du jobbar på.

Risikovurderingane finn du her →

  • Det er ikkje satt opp pausar på vakta. Pausar tek dykk fortløpande etter kor mykje det er å gjere underveis. Avløs kvarandre slik at alle får seg ein pust i bakken. Er det ei stille vakt i ein lengre perioder, anbefales det å ta seg en matbit. Gledespatruljen er oppmerksom på å dele ut litt proviant.


  • Det er mogleg å delta i konkurransar som ikkje kolliderar med vakta di.

  • Heiskort er ikkje inkludert i frivilligbilletten eller for andre som har festivalpass. Med fremvisning av festivalpass får man 20% på heiskort.

    Kan kjøpes på Quality hotel i sekretariatet (anbefales) eller i Skitrekket Rindabotn.

    Visst du har ein aktivitet i Skitrekket Rindabotn som krever heiskort, snakk med din ansvarlige. Alle som har oppgåver som krever heiskort kan ikkje få dette - då må nokon dele på heiskort, for eksempel i Barnas Fjellsportfestival.

  • Du kan kontakte din ansvarsperson - kontaktinfo finn du i VAKTLISTA du har fått på e-post.

    Dersom du ikkje får svar kan du kontakte frivilligsjef.

    E-post: ineforsberg@gmail.com

    Tlf: +47 41667129