Inkludert i festivalpasset
No kara – FJEDLE KADLA! Det er på tide å pakka sekken og komma seg på festival.
Allereie den 19 - 23. februar 2020 brakar det laus i Sogndal att. Fjellsportfestivalen invitera heile ski- og festival-Noreg, lokale og tilreisande, unge og gamle til Fjellsportfestivalen 2020. Vi kan freiste med eit fullspekka program, der vi byr på ei god blanding av nye programpostar og gamle klassikarar.
Som kry eigar av festivalpass til Fjellsportfestivalen 2020 får du:
Delta gratis på alle føredrag, konsertar og anna sprell på hotellet - På kveldstid skjer det mykje spanande på hotellet. Me kan freiste med Fjellsportquiz, standup, Fjellsportbasar, spanande føredrag, ølsmaking og konsert med Black Debbath og White Man Dancing, i tillegg til mykje anna moro! Har du festivalpass kjem du gratis inn på alt som skjer på hotellet under heile festivalen.
Gratis inngang på afterski i Dalalåven - Som seg «hør og bør» arrangerer vi ein heidundrandes afterski både fredag og laurdag. Ski-in rett frå Rindabotn. Som eigar av festivalpass kjem du sjølvsagt gratis inn på afterski i Dalalåven!
Gratis deltaking på konkurransar (OBS! Sogndal Freeride er ikkje inkludert) - Med festivalpass kan du melde deg på alle konkurransar i regi av festivalen utan ekstra kostnad. Det einaste unnataket er Sogndal Freeride konkurransen.
Gratis bussreise til og frå arena Rindabotn (skitrekket) – Kvar festivaldag går det med jamne mellomrom buss t/r frå Quality hotell Sogndal/Sogndal skysstasjon til arena Rindabotn. Bussen er sjølvsagt gratis for alle festivaldeltakarar.
Gratis aktivitetar i arena Rindabotn - I arena Rindabotn vert det liv og røre kvar einaste dag under heile festivalen. Fleire leverandørar tek turen, og du får moglegheita til å prøvekøyre det aller nyaste utstyret på marknaden - til og med det som ennå ikkje er for sal! I tillegg blir det mykje anna moro for alle, både unge og gamle, erfarne og mindre erfarne i arena Rindabotn. Vi nemner leikar, uhøgtidelege konkurransar, musikk, mat, skitesting og mykje meir. Vi lovar eit yrande liv og mykje kjekt å delta eller sjå på i arena Rindabotn under Festivalen.
Gratis bussreise med Laussnøekspressen i Sogndalsdalen - Køyrer du ski i Hodlekveskogen, endar du opp i ei av fleire busslommer langs riksvegen. Heldigvis kjem Laussnøekspressen køyrande forbi med jamne mellomrom. Har du festivalpass sit du på gratis opp att til arena Rindabotn. Laussnøekspressen går så lenge skitrekket er ope, og føret tillèt laussnøkøyring. Vi minner om trygg ferdsel både på veg ned skogen, og ikkje minst medan ein ventar på å bli plukka opp av Laussnøekspressen. Følg laussnøekspressen live her.
Rabatt på dagskort i Sogndal Skisenter - Hodlekve (Rindabotn) - Vis fram stolt fram festivalpasset når du kjøper heiskort, og du får 20% i rabatt!
Guida turar og kurs til spesialprisar - Fjellsportfestivalen samarbeidar med Bre&Fjell, som er spesialistar på kurs og føring innan fjellsport. Alle turar og kurs vert leia av erfarne og kjekke fjellguidar, som tek deg med på nye og trygge turar og toppar. Bre&Fjell tilbyr toppturar for alle, laussnøjakt for alle, skredkurs og meir moro! Med festivalpass kan du melde deg på turar til sterkt rabatterte prisar!
Under 18 år?
Vi gjer for ordens skuld merksam på at kveldsarrangement etter kl. 22.00 på Quality Hotell Sogndal har 18-års aldersgrense. Gyldig legitimasjon er påkravd og vil bli etterspurt når ein kjem på hotellet. Kjøpte billetter vert ikkje refundert.