Fjellsportfestivalen + Framtidsfylket = sant
Neste veke finn du Fjellsportfestivalen på stand på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen!
Framtidsfylket er eigd av- og jobbar for næringslivet i Sogn og Fjordane og Hardanger-regionen. Framtidsfylket si oppgåve er å vise fram arbeidsplassane fylket har å by på og vere ein felles rekrutterings- og kommunikasjonsplatform.
Karrieremessa er ein viktig møtestad for næringslivet i distriktsvestland og potensielle tilflyttarar som er nysgjerrige på karriere i fylket. Nye arbeidsforhold oppstår, og nyutdanna og arbeidssøkarar blir gjort merksame på kva karrieremoglegheiter som finst i Sogn og Fjordane og Hardanger-regionen. På messa får du gode foredrag, spennande bedrifter på stand og gratis mat.
Mange av Fjellsportfestivalen sine bidragsytarar er studentar i Sogndal ved Høgskulen på Vestland eller tilflyttarar som har funne jobb og busett seg i Sogndal. I Sogndal finn du den perfekte kombinasjonen av inspirerande arbeidsliv og ei mengd ulike friluftsaktivitetar.
Fjellsportfestivalen er blitt eit kjent og kjært kulturkonsept i Sogndal og me ønskjer at fleire skal få vere med å oppleve både folk og fjedl i Sogndal.
Kom og snakk med oss på stand og høyr meir om Fjellsportfestivalen!
Dato: 4. februar kl. 18-21
Stad: Grieghallen
For å bli med på karrieremessa må du melde deg på, det kan du gjere her.