Barnas fjellsport-festival
fredag
Rebus med Sparebanken Vest
Tid: Heile dagen
Stad: Rindabotn
Info: Under heile festivalen vil det vera moglegheit for å delta på rebusen til Sparebanken Vest. Hent svarark i Dalalåven og bli med i trekninga av flotte premiar! Me trekkjer dei heldige vinnarane laurdag klokka 13:00, etter hoppkonkurransen.
Kids Corner
Tid: Heile dagen
Stad: I teltet til Fjellsport
Info: Ansiktsmaling og små aktivitetar for born under heile festivalen.
Aking
Tid: Heile dagen
Stad: Akebakken
Info: Akebakken er preppa og klar for vinterferieglade born og vaksne. Hugs hjelm!
Barnedisco
Tid: Heile dagen
Stad: Barnetrekket
Info: Kvar dag vil det være musikk i teltet i botnen av barnebakken! Her blir det diskolys, energifylte og glade songar som gjer at ein får lyst til å danse. For både born og vaksne!
Skikurs og leik
Tid: 10.30–14.00. Kom når du ynskjer!
Stad: Oppmøte nederst i barnebakken i Rindabotn (sjå etter ein med fargerik T-skjorte).
Info: Vil du vera med å leika deg betre på ski? Dette passar for deg som kan ploga på ski, og som ynskjer å få til nokre fine svingar i bakken.
Passer for: 4-12 år.
Ferdighetsnivå: Kan ploga
Ta med: Skipass, skiutstyr, hjelm, klede etter vêret.
Aktivitar på flata
Tid: 10.30–11.30
Stad: Nederst i barnetrekket
Info: Me markerer ein blink på flata, der barna lagvis sender ein person mot blinken. Det er om å gjera å komma nærast midten! Ta med vener!
Telia Play mini duell utfor
Tid: 12.00–13.00
Stad: Barnetrekket
Info: Portkøyring i barnebakken! Me setter opp portar for slalåmsvingar i samarbeid med Telia og Sognenett. Alle deltakarar får startnummer og premie. Fart, spenning og ekte slalåmstemning ventar!
Snøballkrig
Tid: 13.30–14.30
Stad: Mellom barnetrekket og akebakken
Info: På fredag blir det snøballkrig! Fart, spenning og moro i ei bane med hinder. Vi deler inn i to lag. Møt opp i Rindabotn og ta med vener og familie. Hugs hjelm og slalombriller!
Kontaktinformasjon aktivitetsansvarleg:
Maiken Tafjord, ansvarleg Barnas fjellsportfestival
Lat oss laga minner saman🚀 Bruk #FjellsportFest2025