Barnas fjellsportfestival
I år ønskjer Fjellsportfestivalen å nå ut til fleire. Fjellsportfestivalen er eit viktig tilskot til bygda og vi vil derfor legga til rette for at fleire kan få vera med på moroa. I år vil vi ha med ungdomane og barnefamiliane!
Olaf kjem på besøk kvar dag.
Kvar dag vert det arrangert:
Natursti opp til Rødekorskassen. (Material i sekretariatet i Rindabotn)
Natursti til fots/ski rundt Dalalåven. (Material i sekretariatet i Rindabotn)
Ake i Malinbakken. (Rompeakebrett ligg tilgjengeleg i bakken)
Skicross for langrenn.
Orienteringsløype i sentrum/ fjordstien. (Material i sekretariatet på hotellet)
Fjellsportfestivalen får besøk av Agna og Erik, kjend frå Farmen 2019! Dei tek med seg nokre søte dyr frå garden til Agna, og desse kan du få helse på. Vi har i tillegg høyrt rykter om både konkurranse i mjelkespannhalding og kunnskapskonkurranse. Møt opp i Rindabotn ved Dalalåven laurdag mellom 11:00 og 13:00. Les meir om hendinga her.
Saman med Sogndal skisenter inviterar TNT ACTIVE (Tonje N. Tangerud) til lågterskel konkurransar i Toyotatrekket fredag, laurdag og søndag. Skileiken er tufta på mestring og skiglede, her er ingen press. Ein legg si eiga vansklegheitsgrad. Me kalla det konkurranse, for det er jo alltid stas med startnummer. Me trekker nokre premier på startnummer. Med sommarfuglar i magen får borna testa seg sjølv, og gjerne bryta ei grense. Dette skal vera både spennande og morosamt. Sjå programmet for nærare informasjon her.
Perfekt for born i alle aldrar som vil lære seg å stå på ski.
Er du mellom 10 og 16 år kan du melda deg på Jibbecamp i Rindabotn. Studentane Magnus og Viljar er dei som bygger parken i Rindabotn, og dei ønskjer å læra vekk litt tips og triks som kan brukast til å imponera deg sjølv og andre. Det påmelding og berre 16 plassar, så her må ein vera om seg. Campen er torsdag frå kl 11:00-15:30. Les meir om Jibbecamp og påmelding her.
Elles vil alt som føregår på hotellet før kl 22.00 vere ope for alle under 18 år. Vi kan friste med Fjellsportkveld der du vil få ein oppsummering av dagen, tips for morgondagen, premiering av dagens konkurransar og underhaldning. På ettermiddagane kan du også få med deg mange spennande og lærerike føredrag om alt frå tur, ski, opplevingar og utfordringar. For å kome inn på hotellet må du ha festivalpass. Er du under 18 år får du festivalpasset til redusert pris.