Tryggleik

på festival

Fjellsportfestivalen er eit arrangement som tilbyr alle typar vinteraktivitet, både for born, vaksne, ekstremsportutøvarar, nybegynnarar, erfarne fjellfolk, galne fjellfolk og vinterentusiastar generelt.

Målet vårt er at alle som er med på festivalen skal oppleva aktivitetane som trygge og ansvarsfulle, uansett nivå.

Derfor vel Fjellsportfestivalen å ha stort fokus på tryggleik, både i form av konkrete tryggleikstiltak under aktivitetar, men også som ein pådrivar for å spreie kunnskap om trygg ferdsel i fjellet.

Sjekk

skredvarslinga

All ferdsel i fjellet inneheld ein grad av risiko. All ferdsel i fjellet skjer på eige ansvar og me tilrår at alle gjer sjølvstendige vurderingar før ein legg ut på tur.

Sjekk av oppdaterte skredvarsel bør alltid vera på sjekklista før ein reiser ut på tur, og det finn du på www.varsom.no

Festival etter ein pandemi

No er det mindre risiko for å bli alvorleg sjuk. Me har ikkje smitteverntiltak, men har utgangspunkt i dei nasjonale krava og tilrådingane.

Tryggleiksdokument

Under finn du festivalen sitt tryggleiksdokument, inkludert beredskapsplan. Dokumentet inneheld all overordna informasjon om festivalen sitt arbeid med smittevern og tryggleik.