Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Eit arrangement frå Bratt Moro

Sogndal 22. - 26.februar 2017

Om Fjellsportfestivalen

Fjellsportfestivalen vert arrangert årleg av Bratt moro i Fjellsporthovudstaden Sogndal midt i hjartet av fjell- og fjordnoreg. Med bratte fjell, djupe dalar, nydelige fjordar og snørike vintrar er Sogndal den ultimate plassen å drive fjellsport – året rundt!

Fjellsportfestivalen syner fram bygdi sine lokale naturkvalitetar gjennom spanande og utfordrande aktivitetar, tufta på kunnskap om trygg ferdsel i bratt vinterlandskap. Festivalen skal inspirere, motivere, utdanne, underhalde, utfordre, samle og engasjere dei som har mykje erfaring med vinterfjellsport, og dei som har lite eller ingen erfaring.

Fjellsportfestivalen er arenaen for utveksling av erfaring og kunnskap knytt til utøving av fjellsport vinterstid, gjennom god formidling og sosiale møteplassar.

Bratt moro
Bratt moro er eit aksjeselskap eigd av entusiastar som ikkje er ute etter profitt, men ønsker å skape lokal entusiasme og utvikling. Vi starta i 2008 med å arrangere Fjellsportfestivalen, etter det har det blitt en haug festivalar, nasjonale og internasjonale konferansar, konkurransar, seminar, bygging av parkeringsplasser og teknologi og lokalsamfunnsutviklingsprosjekt. Vi har jobba i nettverk frå dag 1 med store og små reiselivsaktørar, frivillige organisasjonar, Sogndal Fotball, små gründerverksemder, kommune, fylkeskommune og stat, og gjennomført prosjekt innanfor Bulystprogrammet, reiselivsutvikling, medieutvikling og lokalsamfunnsutvikling.

Eldsjelene og sponsorane våre er fundamentet i alt vi driver med, utan desse stoppar Sogndal!