Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Eit arrangement frå Bratt Moro

Sogndal 22. - 26.februar 2017

Hjelmkamerakonk - Dagens Raoaste Hjelmkameraklipp

Reglar ”Dagens Raoaste Hjelmkameraklipp”

  • –  Det blir kåra ein vinnar kvar dag under festivalen. Vinnaren blir annonsert under Fjellsportkvelden på Quality Hotel Sogndal. Torsdag og fredag blir ”Dagens raoaste hjelmkameraklipp” kåra og vinnaren får skalljakke frå HH. På laurdag blir ”Festivalens raoaste hjelmkameraklipp” kåra og vinnaren får ski frå Head.
  • –  Klippet må vere filma same dag som det vert levert inn, med unntak for laurdag, der klippet skal vere filma i løpet av festivalen. Altså onsdag, torsdag, fredag eller laurdag.
  • –  Det er berre lov å levere 1 klipp per dag per person. Det same gjeld for laurdag.
  • –  Det er ingen retninglinjer for korleis klippet blir filma, men tanken er at det skal vise ei ”linje” på ski, snowboard, med speedrider eller liknande. Filma med actionkamera/hjelmkamera/pannekamera. Altså av den typen som ein festar på hovudet eller andre stader.
  • –  Alle klipp må lastas opp i originalt filformat frå actionkameraet og være 100% uredigert.
  • –  Klippet må vere filma i HD eller høgare oppløysing (720p, 1080p, 1440, 2,5k eller 4k).
  • –  Klippa skal leverast på Quality Hotel Sogndal (konferanserom Bahus 2), eller på mail til post@hoydemedia.no innan klokka 17. Ved levering på mail er det enklaste å sende via filemail, wetransfer, myairbridge eller liknande. Levering må merkast med navn og ”dagens raoaste hjelmkameraklipp”.
  • –  Klippa vil bli bedømt etter det heilheitlege inntrykket det gir. Den ”Raoaste” filmen vinn. Om den er ”raoast” grunna kreativitet, humor, rå kjøring eller estetikk veit me ikkje før me ser klippet.
  • –  Innleverte klipp må kunne brukast av Bratt Moro/Høyde Media på oppsummeringsfilm, promotering av neste års festival o.l.For andre spørsmål rundt konkurransen, send mail til: post@hoydemedia.no